Rørdrum på Hellviksvatnet
Fekk telefon i dag angåande ein Rørdrum som blei sett i 3-tida i går ettermiddag på Hellviksvatnet på Hellvik. Fekk oversendt bilder via Ivar og har lagt dei ved her.
Observatør er Rune Slettebak.
- 1. January 2010
Styremøtereferat 18.11.09
Vedlagt eit referat frå styremøtet den 18.11.09
For styret
John Grønning
- 4. December 2009
artsobservasjoner.no
I helga var underteikna på seminar i Trondheim. Anledninga var eit faunistisk seminar angåande utvikling og innspel i samband med Artsobservasjonar.no. Eg deltok som representant for LRSK-Rogaland. Det deltok representanter for dei fleste av landets fylker. I tillegg deltok folk for NSKF, NOF sentralt, Artsdatabanken (som utvikler Artsobservasjoner.no). Det er planlagt ein ny versjon våren 2011, men allerede til våren er det planlagt den første av kommande oppdateringer, bla. av kartane i eksisterande versjon. Det var også lagt opp til workshops med fokus på funkjsoner i nåverande og framtidige versjonar.
- 1. December 2009
Silkeheigre i Bjerkreim!!
Eg fekk telefon på mandag morgen om ein kvit antatt Silkeheigre som gjekk på eit jorde på Bjerkreim. Fekk Dag Norman Sværi til å sjekke den opp og han bekrefta fuglen ein halvtime seinare.
Då var det bare å gje beskjed til kunden eg var sjå at eg måtte reise. Kom fram og fekk sett fuglen før eg reiste heim og henta fotoutstyret. Heigra var utruleg sky og eg tok kun dokumentasjonsbilder før eg lot fuglen vere i fred. Silkeheigra blei sett kort på Soksemone og i flukt over Tengesdal dagen etter. Sidan er den ikkje sett. 1.ste funn i Bjerkreim og eit utruleg seint eit i Norge..
- 1. December 2009
Mandarinand i Lygre
Var innom og sjekket fuglelivet i Lygre seint på ettermiddagen i dag, søndag 29/11. Blandt endel ender i bukta ved Fuglodden lå der en fin mandarinand hann og flottet seg. fint syn! Det er kanskje samme hann som har vært å se flere steder her i distriktet denne høsten. Ellers av vannfugl. 25 toppand,12 stokkand,9 kvinand,1 sangsvane,19 knoppsvane,8 ærfugl og 1 gråhegre
- 29. November 2009
Stare
Gådå på Tengesdal er ein plass kor Starane overnattter. Eg var på plass 1 time før skumringa. Snart var den første flokken på 42 Starer over meg. Det kom heile tida inn småflokkar frå 3 til 50 fugler og slutta seg til flokken. dei flaug fram og tilbake over området. Tilslutt talte eg 550 Starer i flokken. Eit mektig syn mot rødlig himmel i vest. Plutselig stuper heile flokken loddrett ned i sivskogen og forsvinner. Kun skvaldringa høyrast før det blir stille frå sivskogen..
- 12. November 2009
Furukorsnebb på Skadbergsanden
såg ein flokk på 8 furukorsnebb på Skadbergsanden i ettermiddag. dei virka rimelig stabile i buskfuruene.
- 12. November 2009
Eigerøy Fyr 29.10.09
Var ute på fyret i dag. Skremte opp ein lappspurv i bukta men den forsvant. Lite fugl ellers langs veien. Satt på fyret frå 10 til 12. Bra trekk heilt til vinden snudde. Mest spesielt var 1 Jaktfalk som trakk sørover. Ellers bra med Svartand (220), Storskarv (95), og alkefugl. Lappspurven satt på vegen på veg innover og viste seg meget fotogen. Totalt 46 arter i dag.
- 29. October 2009
Seriøs skåding
Var ute ein tur på Eigerøy fyr i dag. Det var frisk vind frå nordvest som auka til minimum liten kuling. Regn- og haglbyger passerte samtidig som tordenskrallane slo over fyret. Lite fugl då vinden låg for mye på NNV, men interessant oppleving!
- 8. October 2009
Endringer i programmet i november og desember
Det er blitt ein litan forandring på foredraga i november og desember.
5.11 kjeme Eivind Sande og viser bilder frå ein utanlandstur.
3.12 viser Rune og underteikna bilder frå årets tur til Slettnes fyr i Finnmark.
- 29. September 2009
Rovfugltur til Lund på søndag
På søndag blir det tur til Gjersdal i Lund. Gunnar er på plass frå kl 8 til 17 dersom været holder. Det er i det siste sett bra mengder med rovfugl i Dalane. Fleire Vepsevåker, Spurvahauker, steppehauk, Vandrefalker, Havørner med fleire.. Det er også spetter, Nøtteskriker, og mye småfugl i lufta..
Til Info: denne blei avlyst pga dårleg vær.
- 16. September 2009
Steppehauk!
Rune Edvardsen og underteikna var ute på i dag og talte rovfugl på Eikeland i Bjerkreim. Det var ikkje det store draget men me oppdaga ein Vepsevåk som skrudde over Moifjellet. Den flaug litt fram og tilbake før den skrudde rundt Moisendaren og forsvant vidare nordover. Litt seinareblei det oppdaga ein kjerrhauk som sirkla rett nord for der me sto. Etter å ha studert den nærmare kunne me etterkvart notere alle kjenneteikna og artsbestemme den til Steppehauk! Ny for Dalane! Steppehauken sirkla rundt i ca eit kvarter før den trakk nordover mot Lassaskaret. Det blei sett ca 30 rovfugler på godt 4 timer. Også ein Lappsporv trakk over. Dette er 2.dre gongs funn for Bjerkreim.
- 15. September 2009
Suksess med åpen dag på Revtangen
det blei kjempesuksess med åpen dag på Revtangen Ornitologsiske Stasjonen!. Nær 300 personer var innom på stasjonen og/eller på Revtangen. Det blei ringmerka begge plassane sjølv om det nok blei størst antall ute på Revtangen. Av gobiter blei det fanga bla 1 Gresshoppesanger. Vaffelrøra fekk bein å gå på og Naturvernforbundet og NOf gjekk tom for kontigentblanketter.
Fleire frå lokallaget var innom i løpet av dagen.
- 13. September 2009
Medlemsmøte på torsdag
Møtet på torsdag blir i kantina i rådhuset i Egersund. Oppmøte der eller ved døra til Pingvinen seinast hal 7.
- 31. August 2009
Åpen dag på Revtangen Ornitologiske Stasjon!
Komande søndag den 6.9.2009 arrangerer NOF Rogaland i samarbeid med Stavanger Museum åpen dag på Revtangen Ornitologiske Stasjon frå kl.10-16. Det blir salgsutstilling med Natur og Fritid frå Lista.
NOF, Naturvernforbundet og Fremtiden i våre hender vil ha stand på stasjonen. Det vil bli ringemerking både på stasjonen og nede på Revtangen.
Møt opp og treff andre liksinnede! Ikkje minst treff potensielle nye medlemmer. Vermeldinga pr i dag ser jo lovande ut..
Underteikna skal vere med og guide.
Turen til Svanes same dagen (6.9.2009) vil bli diskutert på lokallagsmøtet den 3.6.09.
- 31. August 2009
Triveleg ringmerkjingsdag i Sokndal.
NOF-Dalanes årvisse ringmerkjingstur var i år lagt til Sigfreds fangstplass på Mydland søndag 23-8.
- 25. August 2009
Dalane lokallags nettsider flyttet til ny server!
Nå er Dalane Lokallags nettsider flyttet vekk fra den gamle serveren og til en ny dedikert server. I den forbindelse er det også opprettet et eget domenenavn: www.nofdalane.net. Den gamle adressen (www.fugler.net/nofrog/dll) vil fortsatt virke, men viser nå til den nye adressen.
Den nye serveren har mange fordeler over den gamle, deriblant høyere hastighet og støtte for mer fleksible løsninger for opplasting av bilder. Dette innebærer at det nå er mye enklere å laste opp bilder med artiklene dere publiserer her! Vi håper dette vil bidra til at flere vil legge ut sine bilder. Forklaring på hvordan bilder skal lastes opp finner du når du logger på og oppretter ny artikkel.
- 19. August 2009
Rapportering av observasjoner på Eigerøy fyr
I samband med artsobservasjoner.no er det fleire som har ønske om at observasjonane blir rapportert umiddelbart. Eg har laga eit brukarnavn og passord for Eigerøy Fuglestasjon. Ta kontakt med underteikna for å få passordet og brukernavnet.
Når ein så logger seg inn, så er ein innlogga som Eigerøy Fuglestasjon. Du legger deg sjølv til som medobservatør og dermed er observasjonane både søkbare og med på listene for fuglestasjonen og observatøren.
- 11. August 2009