Hagefugltelling
Vinteren er snart her og fleire er igang med foring av hagefuglane. Det er også viktig å registrere observasjonane på artsobservasjoner.no og på fuglevennen.no under fanen fugleforing.
- 6. November 2010
Medlemsmøte på torsdag
Møtet blir på NAV-kontoret i Årstaddalen kl 1830
Styret
- 3. November 2010
Sidensvans i hundrevis!
I går var eg på Eigerøy og sjekka om det var ilanddrevne sjøfugl. På veg heim måtte eg innom på Perrongen eit ærend. Då eg kom til rundkjøringa der så kjørte eg inn i ein sverm av Sidensvans! Det var hundrevis av fugl i buskene der. Annslagsvis 1500 fugl svirra rundt på parkeringsplassen og i hagene på oppsida av vegen. Kjørte ein kjapp runde over deler av Husabø/Rundevoll/Prstadalen og deler av Havsøyne. Fant 2 flokker på rundt 500 og fleire småflokker. Kor mange Sidensvanser det egentlig var i Eigersund i går er uvisst men det var ikkje få!
Roald Børve hadde i tillegg 300 stk på S-Eigerøy.
- 24. October 2010
Opprop BRUSHANE!!
Hei!
NOF ønsker innrapportert observasjoner av Brushane i forbindelse med årets fugl.
Er det nokon som har gjort observasjoner av Brushane i Dalane i løpet av 2009 eller 2010???
Send observasjonane asap til underteikna på mail: johgroe&yahoo.no
Bytt ut & med @
John
- 16. October 2010
Kvitsøyturen på søndag
Oppmøte på Kosen Cafe på Tengs søndag morgen. AVREISE SEINAST klokka halv 7. Ferga går kl 9 frå Mekjarvik.
Kontakt Ivar for meir detaljer.
- 12. October 2010
Møte på torsdag
Rune Karlsen frå Sandnes kjem og viser bilder. Han har mange fine bilder frå rundt om i Norge.
Møtet starter som vanlig 1830 på rådhuset i Eigersund
- 4. October 2010
EuroBirdwatch 2010 går av stabelen 2.-3. oktober
BirdLife over hele Europa setter fokus på fugleopplevelse og fugletellinger første helga i oktober. Det blir flere hundre arrangementer med mange tusen deltakere i EuroBirdwatch (EBW). NOF oppfordrer sine medlemmer til å se på fugler denne helga. Deretter anbefaler vi at registreringene legges inn på Artsobservasjoner.
- 23. September 2010
Møtane denne hausten
Møtane denne hausten blir på rådhuset i Eigersund som vanleg. Dei starter 1830.
- 28. August 2010
Programarket høsten 2010
Tema på framsiden: "Åpning av utstilling om Fuglestasjonen på Eigerøy fyr".
- 30. July 2010
Rovfugltellinger i haust
Også i haust blir det tellinger av rovfugler frå Gjersdal i Lund. Gunnar Skjerpe vil telle ved anledning frå 7. august. Han kan treffast på 90750530. Spesielt i august er det gode sjanser for å få sjå vepsevåk.
- 8. July 2010
Ringmerking i Gådå
Mandag kveld var eg i Gådå og ringmerka. Resultatet blei 41 Linerle, 1 Røyrsanger og 1 Lauvas. Det var eindel Sandsvaler og nokre låvesvaler i lufta men dei gjekk ikkje ned i kanalen.
Hadde også ei sannsynleg Gulerle over nettet.
- 8. July 2010
Åpning av utstilling om fuglestasjonen
23.5 var det klart for opninga av utstillinga om fuglestasjonen. Siste finpuss blei gjort på søndag morgen og alt var klar til opninga. Det var ikkje så mange frammøtte med opninga. Utstillinga, som er 12 store plansjer montert i montere, er plassert i maskinrommet i fyrste etasje på fyret. Jone C. Omdal, som har laga utstillinga, sto for opningstalen der han fortalte om grunnlaget for denne utstillinga. Ivar Sleveland og Johan Tore Rødland retta samtidig ein stor takk til Eigersund kommune for samarbeidet me har med dei.
Det blei etterkvart bra med folk som kom utover. Kafeen var open og salget av mat såg ut til å gå strålande.
Me håper denne utstillinga vil gje folk eit innblikk i kva fuglekikking er for noko.
- 25. May 2010
Smålom...
18.5.2010 vil for alltid sitte spikra i minnebanken min. For ein med sterk lidenskap for sjøfugl, så var dette ein spesiell dag. Vermeldinga lova NV laber/frisk bris, mulig liten kuling. Dagen før hadde det trukket bra med Smålom forbi Skagen i Danmark. Dei fleste av desse trekker nok inn over Sverige på veg mot russiske hekkeplasser, men det synte at det var lom på trekk..
Eg gjekk ut tidleg på morgonen og satte meg i trappa på fyret ca 0545. Dei fyrste 15 minuttane var det lite som trakk. Rett over 6 løysna det og lommane kom trekkande forbi. Vindstyrken var som lova, men vindretninga var meir på nordaust, noko som gjorde at lommane trakk lenger ute på sjøen. Det gjekk likevel bra med Smålom om enn langt ute. På det meste hadde eg 4 flokkar med tilsaman 40 lom i synsvidda! Fram til eg slutta og telja klokka 11.00 hadde det passert 430 Smålom! Solid ny rekord. Det trakk også andre sjøfugl utan dei store antalla. Total artsliste for dagen blei på over 50 arter.
Det er registrert bra antall med trekkande Smålom også andre år på fyret. I løpet av dei 20 åra med har hatt drift på stasjonen, så har det vore 6 dager med over 200 Smålom. Høgaste notering tidlegare var 295 Smålom 2.5.2009 og 264 ind 15.5.2006.
Legger med eit steminingsbilete for soloppgangen..
- 20. May 2010
Åtselgribben i Bjerkreim igjen!
Åtselgribben dukka som kjent opp igjen laurdag 8.5. Det var ein bonde på Oremoen som ringte meg og fortalte at gribben var sett på jordet hans. Fuglen blei ikkje sett igjen før meg og Rune fant han igjen på kvelden. Det var vel 20-25 personar som rakk å sjå han før det blei for mørkt. På søndagen var det jamnt sig av folk innom og fekk sett Åtselgribben. Mandagen var gribben sjeldan på vengene i snøveret og han blei ikkje sett igjen på tirsdagen. Kanskje har vergudane skremt han sydover igjen?
- 16. May 2010
Åtselgribb i Bjerkreim!
På søndag kom meldinga om at det var sett ein Åtselgribb over matningsdal i Hå. Sjokkbølga slo innover fuglafolka! Sanselaust.
Fuglen blei ikkje sett igjen den dagen eller mandagen. Heller ikkje tirsdagen blei gribben sett, før i halv 10 tia på kvelden. På morgenen sto det fleire folk på Lassaskaret og venta i håp om at gribben sko dukka opp. I halv 10 tida skrudde Åtselgribben opp frå område mellom Homsevatnet og Skinnansfjellet før han trakk over Brusali og karten til vill jubel frå dei som fekk oppleva han. Ei kort oppvisning i 12 tida var siste syn av fuglen før han forsvant i ukjent retning.
- 7. May 2010
Lokallagstur til Eigerøy
Denne helga er det tid for den årlege vårturen til fyret.
Det er folk der ifrå i kveld og det kjeme fleire folk ut i løpet av morgendagen. Det vil bli ringmerking om verforholda tillater det. Vermeldinga for helga ser lovande ut med svake vinder frå nordvest, noko som bør gje bra antalla av lom og joar.
Møt opp!
- 7. May 2010
Tidlig strandsnipe
En observasjon av strandsnipe ved Bakkaåno i Sokndal søndag 18.april må være tidlig i denne kalde våren!
- 20. April 2010
Turforslag til helga
Vedlagt er eit turforslag til helga. NOF er på stand frå 11-16 kvar dag.
- 15. April 2010
Vipeoppdatering Lund
Ein rundtur i Lund ga heller nedslåande resultater. Kun 1 par fant eg, på Tekse på Ualand. Eg trur eg fekk med meg alle jordane frå Lundevatnet til Rusdal og Heskestad til Ualand.
Har høyrt igjen vipene på Tengesdal dei siste dagane. Det var gjildt å høyra dei igjen då eg kom ut den eine morgonen.
På Eigerøy ser det ut til å vere 10-20 territorier frå Skadberg og utover.
- 14. April 2010
Referat frå spetteturen
1 dame og 16 karar stilte i Moi sentrum kl 6.15 søndag med håp om reprise på fjorårets suksesstur som inneheldt haugevis av spetteobservasjoner og ein spelegal tiur. Turen gjekk sørover langs Lundevatnet med 2-3 avstikkarar.
- 12. April 2010